Reisavannhytta
Første tur gikk fra Bidjovagge til Saraelv. Etter og ha kjørt nesten til Bidjovagge gikk vi ned til Statskog sin hytte ved Ráisjávri.Andre dag gikk over Ráisjávri, fulgte så stort sett sommerstien ned via Imofossen til Nedrefosshytta. Siste dag gikk så ned Reisadalen til Saraelv lang Reisaelva.
Med på turen var Bjørn R, Carl H, Dag F, Magne H, Odd H og Odd R.
Fredag ettermiddag og ein fullasta minibuss er på veg mot vidda. Framme ved Bidjovaggi stig vi ut av bilen og inn i vinternatta. Det er nesten 20 grader minus, men ikke mørkt. På den vide himmelkvelven blinkar stjernene og nordlyset flammar over oss. Ei gruppe på seks menn blir små i dette snølandskapet. På turen opp tok vi farvel med sivilisasjonens nytelser med å lange i oss noen pizzaer på ett utested i Alta. Neste måltid blir det vi ber med oss i dei fullstappa sekkane. Med oss på turen har vi også to reglar. Vi skal være tilbake i Reisadalen på palmesøndag, derfor navnet Palmegjengen. Den andre regelen er at denne turen er en mannesak, og derfor er det ingen damer med. Skia får ein himmelsk glid i det tykke laget av rim som ligg oppå snøen, og det går for det meste utfor dei få
kilometrane til Reisajavr, og den oppvarma hytta
som møter oss der. Ein lett, men start på noko som skal bli stort, er tilbakelagt.
Når vi
vaknar til
dagslyset neste dag er det framleis klarvær. Utfor glaset ser vi sola
som glitrar i snøen på
det islagte vatnet ei
tilsynelatande endelause flat vidde. Vi gjer oss nytte av ovnsvarmen
til kaffekok og stekt bacon. Vi kan likevel ikkje fortape
oss i
nytelsen, for vi har flere mil skitur å gå før kvelden.
Før vi forlet hytta skal vi rydde og vaske, hogge ved og ikke dra
avstad før hytta er minst like bra sam da vi kom.
Så er vi klare for andre etappe, og et tog av menn er i siget
og på marsj over ei stille vidde omkransa av låge fjell.
Utanfrå ser ein ikke så mykje forskjell på dei, som går. Alle
er fulle
av krefter, pågangsmot og optimisme, men kjem ein tettare på, finn ein forskjellar.
Forskjellar på ryggsekkar, utstyr og klær, forskjellar i
alder. Forskjellar som kan avsløre treningsgrunnlag, turrøynsle
og personlighet.
Gradvis som en legg kilometrrar bak seg, og det ikke lenger bare er
flatt, men tunge stigningar og og kupert landskap,
blir det
avstandar mellom folk. Toget strekkjer seg ut og kan samle seg igjen.
Godværet
held seg utover dagen, sola skin og temparaturen stig. Både i
lufta og i kroppane. Det har vore forskjellige pauser under
vegs fra
teknisk kvil, energipåfyll og ei lengre pause med mat og varm drikke.
Svetten renn ned over panna og samlar seg i augkroken.
Humøret er
framleis på topp, men no byrgar sanningas augneblink å vise seg. Sekkane
verkar mykje tyngre, og gneg over skulderbladet. Det er ikkje
lenger den same spensten og farten i frasparket. Nokon tek
til å spekulere, pakka ein rett i sekken, var treninga på forhånd god
nok?
Landskapet forandrar seg gradvis. Det er blitt meir kupert dalføra djupare og fjella reiser seg høgare rundt oss. Også vinteren tok vi farvell med inne på vidda, no kjem våren oss i møte med våtare snø og kramføre.
Ved Imogamma
Den bratte nedturen mot Imo, blir også forskjellig. Nokre med
stålkantar på skia og fortsatt med krefter i kroppen susar astad
som
ein Lasse Kjus i OL form. Andre med verkande rygg etter mil med tung
sekk fra 70 tallet og nedtur både på to og fire. Godt da at
Imogamma
stod der som før, og at ein kunne ta seg tid til ein strekk på brisken.
Med mottoet en for alle og alle for ein går det også ann å dele vekt
etter evne og behov, slik at turen blir ein god erfaring for alle.
Ingen hadde falle for freistinga til å bestige den mektige Tiertatoppen
vi hadde pasert på vegen dit, men alle opplever ei
høgtidsstund ved synet av Imojuvet og fossen som nå er frosen til is skjelven
som kom utpå kanten og avgrunnen under oss, var syn og
oppleving som tok vekk smerten fra verkande rygg og
fjerna trøtthet i
lemmene.
Så vart dagen blitt til kveld, og det var ikkje mange kilometrane ned
til kvile, biff, og medboren raudvin.
Kvelden, varmen frå ovenen, som gradvis breier seg ut i rommet, våte
sko, trøyer og bukser som tørkar over ovnen. Trøtte sultne
kroppar som
lagar til festmåltid etter ein lang og krevjande dag. No kan vi nyte
fruktene av strevet, kvile ut og sova godt heile natta.
Neste dag er
været like strålande, kvit snø, sol og blå himmel, men
våren er her og vi er spent på om isen held stand på
elva og på
straumnakkane vi skal fylgje nedover. På den turen møter vi også ein av
norges høgste fossefall, Mollesfossen, og vi tek oss tid til ei
god
pause der for å nyte synet. Store deler af fossen er framleis
islagt,
men under sprengjer vatnet på, og det har slått opp eit stort åpent
stykke på midten. Det ryk av fossen og knakar og brakar i isen og
det er
bare eit tidsspørsmål før smeltevatnet og vårens krefter vinn og sprengjer
ismassene i filler.
Fylte av naturrens andakt går vi vidare gjennom ein storslagen canyon Reisa Nasjonalpark med ruvande fjell over oss. På siste del av turen tek vi oss tid til å stoppe opp ved den gamle store fura som no er freda. Så grov er ho at det trengst to menn for å kunne favne rundt ho, og slik har den stått i fleire hundre år. Kan hende vil den stå lenge etter oss også. Så er det igjen blitt langt på dag vi er ved målet, Gammetunet og badstue ved reisas slutt. Gode hjelparar har gjort den varm, og attpå til teke med seg varm suppe og kaldt øl. Kan det bli bedre, opplevingane vi har hatt og vellkomsten vi fekk. Ei reise fra vinter på vidda til våren i Reisadalen, og slutten på palmegjengen blei det heller ikkje. Når det lid til påske er gjengen klar til nye opplevelsesrike skiturar. Palmeturenein skitur som går og går.
Kart over ruten