Kilspisjärvi -dagsturer
Palmetur nr. 30 i rekken. Denne gangen med dagsturer fra hytte på Kilpisjärvi.
Med på turen var: Dag F, Roy H, Odd HR, Odd AH, Magne H, Morten F og Carl H
Var det dette året vi skulle feire 30 år med palmeturer?, eller var det i fjor? Det kunne vore i fjor og det blei litt feiring da også. Men så var det «koronaår» med amputerte turar, og eit år med både korona og forrykende uvær, snøras og stengte vegar. Det stoppa alt.
Ein palmetur krev planlegging, men med ein gjeng som etterkvart er blitt spreidd over heile landet, er digitale møter blitt løysinga. I slike møte kjem det ofte fram gode eller mindre gode idear og turforslag. I år var det altså jubileumstur, men ein uværsperiode og dårleg værmelding før turen, gjorde det vanskelig å detaljplanlegge. Ingen ville risikere å jubilere inneklemt i eit telt langt på vidda, mens snøstormen rasa utanfor. Det enda med ei sjefavgjerd i rein Trump stil, der alle blei enige og samstemte om at det var ein fantastisk plan.
Base i «luksushytte» med badstue, i Kilpisjarvi, dagsturar med lette sekkar, obligatorisk biff på fredag, som skulle toppast med jubileumsmiddag på restaurant «A la Kilpisjarvi.»
Fredag var vi samla på Halti Nasjonalparksenter. Som vanlig: kaffe, kake og god stemning. Gjensynsglede, med gjengen og forventning til samværet og turen som som låg framfor oss. På utsida, stod tre bilar med ski og turutstyr klare til å ta oss til Kilpisjarvi i Finland
Vi skulle starte første skitur rett før grensa til Finland, men litt uklart om kor stoppen var. Resultatet var forvirring og at vi stoppa på kvar vår parkeringsplass i området. Heldigvis har vi telefon og snart er vi alle samla på rett plass. Målet for dagen var eit vatten, der vi skulle krydre turen med pilkefiske og matauk. Vi har pilkefiske før, med vekslende hell, men denne gongen hadde vi fiskegaranti, fra ein i gjengen, som hadde vore der før, og drege opp uhorveleg med fisk. Været var bra, trass i lite optimistiske prognoser, grei temperatur, strålande sol. Ei snødekt vidde og islagte vatten stod framom oss. Tur klær og utstyr kom fram i ein fart. Dagen var enda ung og eventyret lokka. Yre og turkåte sklei enkelte allerede avgårde, mens andre meir somlete i gjengen streva med skisko og pakking av utstyr. Ein sakna solbrillene som blei lagt igjen bilen, men det var ikke stunder til å gå tilbake. Slik fortsatte det i sprett formasjon til vi endelig fekk ei pause og samla oss. Strategi for turen vidare blei avtalt. Ei for patrulje ble sendt ut for å finne «hotspot» for det som skulle bli fiske bonanza.
Dei meir sindige kunne ta det med ro, men fekk etterkvart også dempa forventning til storfangst. Dette var ikkje noko hemmelig vatn vi var komne til og det var lite som tyda på at det hadde vore fviskeaktivtet her, før oss.
Å bore seg gjennom med mange lag med med is stiller, krav til motivasjon og tålmodighet, men eit par hull, klarte vi å få til, og snart duva blink og maggots forførende mot botnen av vatnet. Fiske garantien holdt med eit naud skrik, men eit par røyer i ansjosstørrelse og ein liten lake, var i minste laget til matauk. På tide å komme seg til basen. Sola sto lågare på himmelen, vinden friskna på. Småfrosne tok vi fatt på tilbaketur. Vi var nøgde, hadde fått ein god skitur i eit mektig landskap omkransa av fjell og vidde.
Kos på brakka
Ved ankomst Kilpis blei vi helsa velkommen av ei koselig og ganske velutstyrt hytte, med stue, kjøkkenkrok, soverom og badstue. På matbutikken var det ingen sak å få komplettert eventuelle mangler til kveldens biffmiddag.
I lag med med gamle turkameratar, forfriskande skitur, øl og badestue kjem ein raskt i humør og stemning og appetitten gjer et ekstra byks når gjengens mangeårige «biffkokk» er i gang med steiking og brasing. Eit herleg etegilde; biff med tilbehør,og medbrakt dessert.
Etter middag er det tid for snacks, gode historier og quiz. Eventuelt kaloriunderskudd blir fylt opp, men etter ein lang og opplevingsrik dag er det ikke fritt for at også kan bli trøtt og sigen. Dagen er så absolutt på hell senga lokkar. Berre dei mest dedikerte maktar å halde det gåande ei stund til, før Ole Lukkøyeer er kjem til alle.
Dagen gryr tidlig i nord på denne årstida, men ingenting haster på denne turen, i ein slik gjeng finst det likevel morgonfuglar som ikke vil sove bort ettervinter dagen. Da triv ein til kaffekoking og sjusovarane får gleda av å vakne til kaffeduft og smaken av nytrekt kaffe.
Ved frokostbordet blir dagens tur avtalt. Eit tynt lag med nysnø, lite vind, blå swixføre Lovar fin tur.
Turen går til Sverige, denne dagen, flatt landskap med store vatn og eleveland. Ikkje til å unngå treffe på snøskuter spor her, men sola bryt fram gjennom skydekket og vi har vidda for oss sjølve. Det blir ein flott skitur, utan nokon treng å overanstrenge seg. Etter ei stund gjer vi eit fravik frå is og vatten og går inn i ein krattskogen på sida av vatnet. Det er tid til pause med bålkos og påsmurt nistemat. Dvergbjørka er frodig her og synes å ha dratt fordel av klimaendring dei seinare åra. I snøen er det spor etter fugl og andre små dyr. Så vi er kanskje ikke så aleine her som vi trur. Langt ute i synsranda ser vi fjell som vi har gått på tidligere turar, der vi nok sleit meir enn i dag. Ei dag å nyte, det er også lov for palmegjengen. Tida går, også på slike dagar og vi må bryte opp for å rekke badstua og restaurant vi har bestilt bord på.
Etter vorspiel i badstue var det tid for jubileumsmiddagen på restaurant. Pyntelig antrukne, ikke akkurat smoking, men vi hadde iallefall bytta ut ski klærne, og vi var klare til å bestille meny a la carte. Lokale spesialrettar stod på menyen. Servitøren gav sine anbefalinger til mat og drikke og 3- retters middag var obligatorisk til ein slik jubielumsmiddag. Det kunne ikkje bli feil, vi var i feststeming vi var sultne etter ein dag ute på ski, og kokken var ein krafkar. Finsk mat og service på sitt beste.
Neste dag vaknar vi opplagte og friske og som vanleg kaffe og frokost. Ikkje noko stress i dag heller, men vi må planlegge dagens tur, rydde hytta, pakke og sjekke ut. Ein i gjengen må heim etter frokost, synd å miste ein turkamerat, men heldigvis har vi plass nok i dei andre bilene, så alle kan kome seg heim i tide likevel.
Denne siste dagsturen skal gå til ei åpen hytte i Finland, litt over skoggrensa, men ikkje lenger å gå enn at vi kjem oss i rimelig tid tilbake, og kan ta fatt på heimtur. I opptrakka skispor uten skuter trafikk kjem godkjensla. Vi må først gjennom litt litt krattskog, men så åpnar landskapet seg. Framom oss ligg vidda med majestetiske fjell i synsranda. Her stig terrenget, vi må bruke litt krefter, men det tåler vi godt. Godt å erfare at litt trening hjelper, også i ein gamal kropp. Med innlagt pause til orientering og kartstudie finn vi hytta. Flaks også at vi blir møtt av eit par, som nett skal til å gå igjen, men som har varma hytta med fyr i ovnen. Dei fortel at denne hytta blei bygd på 1930 tallet med tanke på jakt og fiske, men som nå er blitt til velsigning for oss tur og friluftsfolk. Her kan ein komme inn, søke ly for vær og vind, overnatte, eller som oss, ta ei matpause. Nok eit høgdepunkt på palmeturen. Så som ein vind ned til bilane. Litt«finskehandel»og biltur heim. Enda ein «palmetur» er gått over i historien.
Eit verdig 30 års jubileum, men mellom jubilea trengs også nokre lengre skiturar for å sikre at ikke sjela i «Palmeturane» skal gå tapt.